Bøn på 17. mai


Gud signe deg, vårt fedreland,
frå jøkultind til verslitt strand,
frå ville hav til hei!
Gud signe deg, kvar mann og møy,
frå inste dal til ytste øy!
Gud, syn oss veg og lei!


Vi eig eit land så audt og vilt,
så karrig, hardt, så mjukt og stilt,
med fjell og djupe fjord.
I tusund år vart landet bygt.
Å, må det alltid liggje trygt!
Gud, sign vår fedrejord!


Her stridde dei så hard ein strid,
ein strid mot svolt, mot naud og nid,
ein strid for dagsens tarv.
Dei fekk sitt brød frå karrig jord,
og Livsens brød frå Herrens ord.
Det er vår fedrearv.


Gud signe deg, vårt fedreland!
Gud signe kvar ei arbeidshand,
kvar såmann på di jord!
Gud signe deg frå vår til vår!
Gud gje deg rike nådeår
og signing av sitt ord!




Johan Sorknes

(til innhold)