Mitt Noreg


Mitt Noreg, eg ser deg ein morgon så blid
med glitrande dogg over vårgrøne li,
med brusande elvar der skumsprøyten står,
med brestande knoppar i vaknande vår.
Det er Noreg.


Mitt Noreg, eg ser deg når vokstrane gror
og sommarsol skin over landet her nord.
Då stig det ein takk opp til Han som er god:
Ha takk for at du let det vekse og gro
i vårt Noreg.


Mitt Noreg, eg ser deg når hausten har lagt
sin tone av gull over sommarens drakt.
Då bivrar det i oss ei bøn og ei von:
I fred du må ervast frå far og til son,
du, vårt Noreg!


Mitt Noreg, eg ser deg når snøen ligg djup
og skinande kvit over tindar og stup.
Stilt kviskrar du mot meg. Då bøyer eg kne
og bed om at du må få sove i fred,
du, vårt Noreg!




Johan Sorknes

(til innhold)