Slik er mitt land


Stormslitne fjell mot eit marmande hav,
brusande bårer i frådande kav,
Skumkvite brott mot ei verslitt strand-
slik ser du landet vårt. Karrig og grått,
trassig og hardt er det land vi har fått.
Slik er mitt land.


Fjetrande fjordar med botnlause djup,
jagande ørna i svimrande stup,
hildrande blåbre mot himmelrand,
skummande fossar i stupbratte gjel,
tirlande liv mellom ruvande fjell,
slik er mitt land.


Vidder med reinen i tanande jag,
raudnande sol som gjer natta til dag
sigande ned mot eit hav i brann,
døkkstille loner med bukkeblad,
dormande skogar mot soleglad,
slik er mitt land.


Vårgrøne lier der gauken gjel,
skogar i blåne mot høge fjell,
blåne bak blåne mot ytste rand!
Slik ligger landet der, karrig og hardt,
levande, trassig – og bivrande vart,
slik er mitt land.


Spirande liv mellom høgfjell og fonn,
levande blomen i angande von,
sitrande livsmod som stridde og vann,
brestande knoppar i utolsam id,
kjempande liv i ein æveleg strid,
slik er du, mitt land.




Johan Sorknes

(til innhold)