Hendene
- Hendene fekk vi til arbeid
- - til å rydde jord, så og plante
- til å tenne ljos i mørkret
og stryke eit dyr over lenda.
- Hendene fekk vi til å syne kjærleik
- - til å byggje heimar
og lette børene for kvarandre,
forbinde sår og lækje.
- Hendene fekk vi til å gje
- og til å ta imot
- kjærleik
- glede
- fred.
- Våpen lagar vi med hendene våre
- - sverd og kvasse spjut,
- kanonar.
- Det skapte øyder vi
- - dyret rømer frå oss
- barnet skjelv i redsle for hendene våre.
- Tunge bører lagar vi for kvarandre.
Hendene knyter vi
i trass og hat og hemn.
Knytte hender
kan ingen ting gje
og ingen ting
ta imot.
Johan Sorknes
(til innhold)
|