Kvar er du GudKvar er du, Gud, i ei verd så full av liding, med så mykje urett, med svolt, krig og forfylging? Kvar er du, Gud, når born svelt og døyr av di menn vil ha makt? Kvar er du, Gud? Har du gløymt denne arme verda vår? Du gav oss skaparverket. Men verda vil ikkje tru det er frå deg. Du gav son din - men verda vil ikkje vite av han. Du gav oss ordet ditt - men verda vil ikkje tru det. Kva meir kan du gjere? Kvar er du, Gud? i meg ? Er du i meg? Er det i livet mitt at verda skal sjå deg? Vil du møte verda med kjærleik, omsut, omtanke og hjelp gjennom meg, eg som ber namnet ditt? Men - kva då med alt det som mitt er? Gud, sjå i nåde til meg at ikkje eg og går bedrøva bort medan du ser etter meg i sorg! Johan Sorknes (til innhold) |