Til deg kan eg kome


Å, Herre, til deg kan eg kome
med synd og med sorg og nød.
Om tyrst og om svolt kan eg tale,
og du gjev meg Livsens brød.


Eg treng ikkje kome med kunster
og uttenkte, fine ord.
Du høyrer den enklaste bøna
og bed meg til Livsens bord.


Du veit om mi såraste lengtan,
mi glede, mi von, mi sorg.
Min ven vil du vere i gleda,
i striden min faste borg.


Du veit om dei tyngjande gåter.
Eg fekk inga løysing sjå.
Men du la di rikaste signing
i vegen du let meg gå.


Eg tren ikkje deg å fortelje
om korleis du hjelp skal gje.
Eg bed for å opne mitt hjarta
for deg med di hjelp, din fred.




Johan Sorknes

(til innhold)