Eg ynskjer


Eg ynskjer å vere, Herre, eit skinande ljos i di hand,
eit ljos som kan syne andre vegen til Livsens land,
eit ljos som er mildt og varleg,
eit ljos som ingen kan sjå
av di at det kverv og bleiknar
mot Han som det lyser på.


Eg ynskjer å vere, Herre, den handa som peikar på deg
for deg som for vill i verda, og ikkje fann Livsens veg.
Eg møter så mange kring meg
med kvardagens timar sviv.
Å, kunne eg berre få lyse
for deg med mitt heile liv!


Eg ville så gjerne eige den handa så mild og mjuk
som lindring og trøst kan bere til den som er arm og sjuk.
Men mest eg ynskjer å vere
eit skinande ljos for deg,
så du vert så stor for andre
at dei kunne gløyme meg!




Johan Sorknes

(til innhold)