I Frelsarens hender


Du er i din Frelsars hender
om dagen er ljos eller grå.
På vegen der han deg sender,
der kan du med frimot gå.

Du er i din Frelsars hender,
hjå han får du Ljoset sjå.



Du er i din Frelsars kjærleik,
han kallar deg inn til seg.
Og der, i din Frelsars nærleik,
er ljoset og liv for deg.

Du er i din Frelsars kjærleik,
han opna deg livsens veg.



Du er i din Frelsars tankar,
og teikna i Frelsarens hand.
Så lenge ditt hjarta bankar,
han bind deg med kjærleikens band.

Du er i din Frelsars tankar
til møtet på himlens strand.




Johan Sorknes

(til innhold)