Kallet


Å, Jesus Krist, du kalla meg
til Kristi brev, eit sendebod
til dei som fer på villan veg
at dei kan sjå!


Men, Herre Krist, er eg då din
så du får styre all min veg?
Er kvart eit steg, mitt heile sinn,
eit ljos for deg?


Å nei, du kjenner mine fall
i tankar, gjerningar og ord.
Du veit eg stod imot ditt kall
og mot ditt ord.


Kan eg deg kalle Frelsar min,
eg som må stå med synd og skam?
Kan eg få eige nåden din
og sjå Guds Lam?


Du la ein grunn der eg får stå:
Di soning og din frelseveg.
Der einast eg det mål kan nå
å spegle deg.




Din lovnad gjeld: Du kjøpte meg
til Gud og gav meg barnerett!
Må det få styre all min veg
det eg har sett


at han er min den dyre skatt
at du tok synda mi på deg,
at du er ljoset i mi natt
og elskar meg.


Då kan eg, Herre, verte deg
eit ark som du kan skrive på,
så dei som les, kan gløyme meg
og deg få sjå.


Då vert det deg eg peiker på,
og ikkje meg og mitt.
Eg har ein grunn der eg kan stå,
og alt er ditt!




Johan Sorknes

(til innhold)