MariaÅ, ta deg ei stund ved Meisterens fot og lytt til hans milde røyst! Han talar så stilt om anger og bot, han kveikjer din hug og styrkjer ditt mot, og syrgjer du, gjev han deg trøyst. Å, ta deg ei stund før dagen tek til og sei han kva tungt du ber! Ja, sei du han alt om kampar og tvil og be han å leie slik som han vil! Då fer du så trygt der du fer. Å, ta deg ei stund og lytt til hans ord før kvardagens mas og jag! I Ordet er mat frå hans rike bord, den kraft som du treng for ferda på jord, og fred i din strevsame dag. Å, ta deg ei stund når dag går mot kveld, og sola i hav sig ned! Han vil i sin kjærleiks heilage eld deg gjere så rein som sølvet i fjell og signe deg sælt med sin fred. Johan Sorknes (til innhold) |