Prøv meg Gud


Prøv meg, Gud, og sjå om eg
den breie vegen går,
den veg der eg forvillar meg
og målet ikkje når!

Han er så brei og fin å gå
med mykje lokkande å sjå
som svæver sinn og tankar,
medī død på hjarta bankar.



Prøv meg, Gud, eg namnet har,
men kanskje død eg er.
Å, ny meg oppatt, du, min Far,
som rette vegen ser!

Den porten er så vand å sjå,
og vegen smal og tung å gå.
Men eg treng ikkje klaga,
for der er liv eg laga.



Herre Jesus, eg deg ser
ved hjartedøra stå.
Med dom og maning står du der
og kjærleg bankar på.

Å, hjelp meg lata opp for deg,
og hjelp meg finna Livsens veg!
Ja, nya oppatt Livet
du ein gong meg har gjeve.



Prøv meg, Gud, og sjå om eg
på Livsens vegar går,
der eine eg kan trøysta meg
til Kristi blod og sår.

Den veg er trygg, det veit eg visst,
på den eg målet når til sist.
Og Han vil heim meg bera,
sitt namn til pris og æra.




Johan Sorknes

(til innhold)