Ljos


Å du, for glede som eg fann
då eg fekk Jesus sjå!
Han opna vegen inn til Gud,
den vegen får eg gå.


Å du, for von eg fekk ein dag
på kne ved krossen hans.
Han tende ljos i sorgtyngd sinn,
gav livet himmelglans.


Ein dag han løyser alle band,
kvar gåte får sitt svar.
Då får eg evig gje han takk
som mine synder bar.


Når sorg og glede her på jord
i inkje kverver bort,
då ventar meg, for Jesu skuld,
ein open himmelport.


Når dette hjarta tungt og mødd
det siste slaget slår,
då jublande mi løyste sjel
til møtes med Han går!



Johan Sorknes

(til innhold)