Attvunnen åkerPlogfòrer side ved side, grornæm åkerjord budd til vintersvevnen. Kringom ligg steinrøyser og høge gjerde. Bøygde ryggar og sterke hender vann åkeren - skapte med møde og kjærleik mold av skrinn jord. Slik vann dei åkeren - vigsla han kvar vår med gyllent såkorn, vigsla han til å tene livet. Med blotta hovud sådde dei kornet. Å så var ei bøn, ei bøn om livsens berging i tronge kår, ei bøn om korn og brød. Med knepte hender takka dei for fulle aks før plogen å nyo gjekk over åkeren. ------------ Slik vart åkeren vunnen - og vunnen - kvar haust lagd under plogen - kvar vår vigsla med nytt såkorn. ------------ Ein haust kom - utan plogfòrer, ein vår - utan såkorn. Fleire vårar - mange. Ei trøytt hand hadde funne kvile. Klunger slo rot i åkeren - fleire fylgde. Snart bar heile åkeren klunger og kratt i staden for korn. Åker utan kjærleik vert åker utan grøde. ------------ Nye plogfòrer ligg side ved side. Nye sterke hender vil med møde og kjærleik vinne att åkeren og vigsle han med nytt såkorn. ------------ Kor stor ei gåve å få vinne att ein åker og vigsle fedrejord med korn! Johan Sorknes (til innhold) |