Ved mors grav


Vi har ein arv som strålar,
i sorga gjer oss glad,
ein skatt som ingen målar:
ein far, ei mor som bad!


Vi fekk ein arv, ei gåva
som vona i seg har.
Dei trudde det Han lova,
og fram for Gud oss bar.


Dei trugne hender kviler,
men bøna eig si makt.
Vi gjennom tårer smiler,
for deira bøn står vakt!




Johan Sorknes

(til innhold)