Den første jul


Den første jul i Betlehem
var utan stas og prakt,
eit fattig par, ein ussel stall,
eit barn i krubba lagt.
Og kongen som er sendt av Gud,
han inkje anna finn
enn travle sinn og hjartedør
der ingen kan gå inn.


Den første jul i Betlehem
var utan kongeskrud.
Det ingen var som visste om
ein Frelsar, sendt frå Gud.
Men i den kalde stjernenatt
var dei som bodet fekk.
Dei høyrde bod frå englekor.
Dei trudde det, og gjekk.


Den første jul i Betlehem
var full av englesong.
Men heile byen berre sov
i all sin naud og trong.
Dei hadde ikkje rom for Han,
ein konge sveipt i strå.
Men englane song jubelsong
for dei som lydde på.


Den første jul i Betlehem
fekk hyrdingane sjå
at lovnaden som Herren gav,
den var å lite på.
Han ingen kongejubel fekk,
og ikkje kongeskrud.
Men dei som fram til krubba gjekk,
fekk sjå at Han er Gud!



Johan Sorknes

(til innhold)