Det blømer ei rose


Det blømer ei rose i vinternatt,
eit under i dødens velde.
Så edel ei rose - i klungerkratt,
her står vi ved Livsens kjelde.


Det blømer ei rose i frosen jord
der kulde og natt får råde.
Ho løynt er for den som er stolt og stor,
men barnet får sjå - av nåde.


Det blømer ei rose så bjart og klår,
alt farga av kross og kvide.
Ho fargen sin ber av dei slag og sår
som Herren ein gong må lide.


Det blømer ei rose i vinternatt,
der finn vi Guds kjærleiks gåte,
ei angande rose, ein himmelskatt,
Guds under - hans fred og nåde.




Johan Sorknes

(til innhold)