Han er komen


Sjå, Kristus er komen!
Send frå Gud til jorda,
send som vår Frelsar, vår fred og vår von.
Barnet i krubba opnar himlens dører.
Gud syner oss sin kjærleik
forutan mål og grenser.
Han gav oss for vår frelse
sin einfødde son.


Høyr, englar syng lovsong
for det store under:
at Ordet vart menneske og kom til vår jord.
Hyrdar fekk bodet, dei skal vitne vera.
Gud valde ut dei veike.
Ja, dei som ingen akta,
fekk sjå eit barn i krubba,
Guds levande ord.


Messias er komen
slik som Herren lova
igjennom profetane i hundrar av år.
Barnet i krubba er vår veg til Livet.
Han som er verdsens Herre,
vert sveipt i halm og klutar.
I stallen ser vi Kongen,
og Frelsaren vår.


I dag tonar lovsong
over heile verda
for Betlehemsbarnet, for bodet om fred.
Med vismenn og hyrdar vil vi saman knele.
Vi lovsyng Han, vår Frelsar,
og står i stille undring
for dette store under
at Gud kom her ned.




Johan Sorknes

(til innhold)