Jul


Kom, la oss gå til Betlehem
der Herren kjem
som Frelsaren til jord!
Kom, la oss stille bøye kne
og ta imot den sæle fred
han gjev oss i sitt ord.


Høyr jubelsong av englekor
for Herren stor
som sende oss sin son!
For kvar som fram til krubba kjem,
til Frelsaren i Betlehem,
er fødd ei ævleg von.


Kom, la oss fram til krubba gå
for der å sjå
det under som er hendt!
Gud sjølv er komen ned til jord,
har gjeve lekam til sitt Ord
og ned til oss det sendt!


Kva fager skatt kvar hyrding fekk
når fram han gjekk
til Herren Krist, Guds son!
Å, må som dei i tru vi gå
til Gudesonen, sveipt i strå!
Der er vår trygge von.




Johan Sorknes

(til innhold)