Kling alle klokker


Kling, alle klokker ved Betlehem,
kling over verda all!
Himmelens konge er send til jord,
fødd i ein ussel stall.

Okse og esel får Barnet sjå,
sveipt i ei krubbe på halm og strå.
Kling, alle Betlehems klokker,
kling over verda all!



Skin, alle stjerner ved Betlehem,
skin i så mørk ei natt!
Skin, slik at fattige born på jord
ser denne himmelskatt!

Barnet som søv ved Marias barm,
opnar Guds himmel for rik og arm.
Skin, alle Betlehems stjerner,
skin i så mørk ei natt!



Syng, alle englar ved Betlehem,
syng om ein kongeson!
Fødd er ein Frelsar i Davids by,
verda si eine von.

Syng om Guds hugnad og sæle fred,
freden han sender med Barnet ned.
Syng, alle Betlehems englar,
syng om ein kongeson!



Kom, alle hyrdar ved Betlehem,
kom, lat oss saman gå,
bøye oss stille ved krubba ned
så vi får Barnet sjå.

Songen av englar om ljos og fred
tonar så stille mot hjarto ned.
Kom, alle Betlehems hyrdar,
kom, lat oss saman gå!



Kom, alle vismenn i Austerland!
Tilbe med audmjukt sinn!
Saman med alle dei folk på jord
går vi til Barnet inn.

Barnet, så lite og veikt det er,
alle dei synder på jorda ber.
Kom, alle Austerlands vismenn,
tilbe med audmjukt sinn!




Johan Sorknes

(til innhold)