I ein spegelNår to menneske møter kvarandre som mann og kvinne og opnar hjarto for kvarandre, då gjer Gud eit under og skapar om att den fagraste blomen i Paradiset, kjærleiken, som fekk sin glans og sin ange i Guds eigen tanke. Når du og eg vert eit vi, når vi er saman i eitt og alt, saman i glede og sorg, saman i tårer og bøn, når varmen frå ditt hjarta dreg mitt hjarta nærare Gud, når vi ikkje lenger er berre du og eg, men vert eitt, då har vi to i møtet med kvarandre, sett som i ein spegel eit bilete av Guds eigen kjærleik. Johan Sorknes (til innhold) |