Ved grava


Eg står ved ei grav.
Her kviler du
som var ljoset i livet.
På steinen er teikna to roser.
Den eine er brotna.
Den andre står einsam att.
Eg plantar ein blom på grava.
Også her
i dødens hage
skal livet sigre.

Dette er grava di.
Men du er ikkje her,
du er ein stad der gleda er fullkomen
og kjærleiken utan mein.
Og du er i mitt minne
når eg går ut att til livet.
For du vil at eg skal leve vidare.
Så går eg bort frå grava di
og ber minnet med meg
som ei kraft og ei signing
i dagane som kjem.




Johan Sorknes

(til innhold)