Eg veit på kven eg trur


Eg veit på kven eg trur!
Lat kloke seie kva dei vil,
og prove at ein skapar er ikkje meire til.
Eg veit eg har ein Frelsar som i det høge bur.
Eg veit på kven eg trur!


Eg veit eg har ein Gud!
Eg ser han i hans skaparverd,
i kvar ein blom som spirer, i himlens stjerneher.
Han sette deira banar, hans kraft dei leider ut.
Eg veit eg har ein Gud!


Eg veit eg har ein Far
som i det mylder han har skapt,
i kjærleik går på leiting for ein som han har tapt.
Eg veit eg har ein hyrding som ein gong heim meg bar.
Eg veit eg har ein Far!


Eg veit eg har ei von!
Han gav oss i sitt eige ord
eit gledesbod om nåde for syndarar på jord.
I Ordet fann eg Livet, og Livet er Guds son.
Eg har ei ævleg von!




Johan Sorknes

(til innhold)