NattverdÅ, kom i dag til Herrens bord! Der møter du hans nådeord i nattverdbrød og vin. Der møter du Guds eigen son. Han styrkje vil di tru, di von, og nåden hans er din. Han sjølv er himlens eige brød. Han gjorde soning ved sin død og gav oss barnekår. Nå syner han oss nåden sin i brød og heilag nattverdvin. Hans siger, den er vår. Vi kneler ved hans nådebord og takkar han for Livsens Ord, for nåden i hans namn. Han gøymer oss i Nådens pakt, han vaktar oss med himlens makt og tek oss i sin famn. Johan Sorknes (til innhold) |