Til ein ungdomDet er vel fagre stunder i ungdoms ljose vår, når livet som eit under for unge augo står. Det bryts i tusund knoppar når sevjestraumen flyt. Det skjelv i unge kroppar når våren fram seg bryt. Dei skjelv i von og draumar, av lengt i hug og hold. Dei gledīs ved kraft som straumar, og frø vert lagd i mold. Kvar draum, kvart ord i kjærleik, kvar gjerning, liten, stor, kvar stund i Herrens nærleik, er frø du legg i jord. I dag ei von, ein kumar, eit frø du legg i mold. Snart går det fram mot sumar. Du haustar hundre fold. Johan Sorknes (til innhold) |