Han står og bankar


Du står ved mi hjartedør, Jesus,
du står der og bankar på.
Å, hjelp meg å opne mitt hjarta
så du ikkje frå meg må gå!


Du bankar med sårmerkte hender
og bed å få kome inn.
Å hjelp meg å opne mitt hjarta
så du kan få eige mitt sinn!


Eg opnar mitt hjarta, min Frelsar,
eg opnar det heilt for deg,
for deg som er Ljoset og Livet,
for deg som er Sanning og Veg.


Kom inn med din nåde, di frelse,
lat ljoset få skine her inn!
Og alt det som ikkje tol ljoset,
å, reins du det bort frå mitt sinn!




Johan Sorknes

(til innhold)