Bak stengde dører
- Dei sat der bak stengde dører
om kvelden på påskedag.
For øyro klang som eit ekko
av fredagens hammarslag.
- I langfredags harde stormar
var alt deira mot slått ned.
Så stod han med eitt iblant dei
og signa dei med sin fred.
- Dei sat der bak stengde dører,
ti motlause, redde menn.
Så såg dei ein levande Frelsar,
og motet vart kveikt igjen.
- Han kom, trass dei stengde dører,
og løyste dei tunge band.
Han trøysta dei motlause, redde,
og freden kom inn med han.
- Så ofte bak stengde dører
vi sit i vår sorg og sut.
Vi gløymer vi har ein Frelsar,
vi gløymer vi har ein Gud.
- Han kjem gjennom stengde dører
i dag som han gjorde før.
Han i våre mørke fengsel
vil opne kvar attstengd dør.
Johan Sorknes
(til innhold)
|