Den kjæraste staden
- Den kjæraste staden på jorda eg kjenner,
er tett innmed Frelsarens kross.
Der rekker Guds son ut dei signande hender
til soning og frelsa for oss.
- Der ser eg Guds kjærleik, ufatteleg stor,
til oss syndarar alle på jord.
- Der kan eg få koma når synda meg ankar,
når kvardagens strid vert for hard.
Der kan eg få koma når hjarta mitt bankar
i lengting og von, til min Far.
- Der ser eg Guds kjærleik, ufatteleg stor,
til kvar einaste syndar på jord.
- Der vert eg eit tre som er planta ved elva,
der kan eg i Kristus bli fri.
Og der, berre der, kan Guds himmel seg kvelva
med ljos over kvardagens strid.
- Der er eg i ljoset, og samfunn eg har
med den heilage Gud, som min Far.
- Der tett innmed krossen eg ynskjer å vera
kvar einaste dag som eg får.
Dei synder og brot som eg dit kan få bera,
vert sona ved Frelsarens sår.
- Ved Han, som vart knust under synda så stor,
er det fred for kvar syndar på jord.
Johan Sorknes
(til innhold)
|