Han lever


I tanken eg står ved ein gammal kross
med merke av naglar, slag.
Her skilet kvarv mellom Gud og oss
ein stor og ugløymande dag.

Men krossen er tom, berre merke ber,
og Frelsaren er ikkje her.



I tanken eg ser mellom gamle tre
ei grav som eingong var Hans.
Her vann han siger, slo mørkret ned,
vart krona med sigerens krans.

Men grava er tom. Ho det vitne ber
at Frelsaren er ikkje her!



Eg går i mitt arbeid frå dag til dag
og kjenner ei glede stor.
Eg veit at eit Herrens arbeidslag
ber fredsbodet utover jord.

Og Ordet er liv! Vi det vitne ber:
Ein levande Frelsar er her!




Johan Sorknes

(til innhold)