Kan du sjå han


Kan du sjå han der i hagen,
stridande så tung ein strid,
bøgd til jord i namnlaus pine -
og gå berre kald forbi?



Kan du sjå han bere krossen
- og du veit det er for deg -
sjå han sig der under børa
- kan du berre gå din veg?



Kan du sjå han, tornekrona,
knust av vondskap, synd og skam,
høyre ropet frå hans kjærleik
og så gløyme han, Guds Lam?



Kan du sjå kva han betalte
for å gje deg liv og von?
Kan du for ei fattig glede
vende ryggen til Guds Son?




Johan Sorknes

(til innhold)