Kransen om krossen


Å, om eg kunne legge
om den kross som bar min Frelsar,
ein krans av roser som ei løn
for klungeren han bar!
Dei kronar han med torner,
med spott dei kongen helsar.
Ein kjærleik utan grense,
ei bøn, det er hans svar.


Å, om eg kunne vere
der ved krossen i Hans nærleik
og bere dyre gåva hen
til Han, Guds soningslam,
ei gåve som kan syne
mi takksemd for hans kjærleik.
Men alt eg har å gje han,
det vert mi synd, mi skam.


Då bed han meg å kome
og å gje han denne gåva.
Han kastar ho i havsens djup
og aldri meir ho finn.
Så gjev han meg si rettferd,
slik han i Ordet lova.
Då får eg gje han kransen:
Mitt hjarta, sjel og sinn.



Johan Sorknes

(til innhold)