Mi eine von


Eg ser han på krossen, min Frelsar,
i liding så tung og hard.
I det ligg mi von, mi frelse
at også mi synd han bar.


Til synd var han gjort for verda,
den skuldlause døyr for meg.
Så grenselaust høg var prisen
som opna vår himmelveg.


Eg ser han på krossen, min Frelsar,
og skjelv for den bør han bar.
For brot og for synd i verda
forlatt av sin Gud og Far.


Ved krossen kan eg leggje børa,
mi missferd av alle slag.
I ljoset frå krossen få leve
av nåde frå dag til dag.


Eg ser han på krossen, min Frelsar.
I det ligg mi eine von
at Gud kunne elska ein syndar
så høgt at han gav sin son.



Johan Sorknes

(til innhold)