Påskemorgon
- Får eg fylgje deg, Maria?
- Stilt og audmjukt vil eg gå
- hen til grava der din Herre
ligg i dødens vald og makt.
Og den Meister du vil ære,
han er gøymt med segl og vakt.
Om eg kunne bere sorga med deg,
- om eg kunne velte steinen frå!
- Du har sett sett han, du, Maria,
- sett han kront med klungerkrone,
- sett han bere krossen, - falle -
sett han pint av sorg og mein,
sett han døy - forlatt av alle.
Men kva brot skal han vel sone,
han - den eine som er rein?
Du har sett han, du, Maria
heile denne tunge dagen,
heilt frå morgonraudens redsle
gjennom slag og vald og pinsle
heilt til grava her i hagen.
Og med Han, Guds eigen son,
slokna all di tru og von.
-----
Men Maria, ser du hagen
- still og aude, utan vern og vakt!
Seglet brote - grava open -
steinen fråvelt av ei veldig makt!
- Kan eg fylgje deg, Maria,
- der du står i stille undring
ved ei tom og open grav?
- Er det hildring eller røyndom
det som denne morgon gav?
Men du fekk sjå han, du, Maria,
sjå han levande, din Frelsar,
høyre lyden av hans stemme
då «Maria» han deg helsar.
Det var røyndom, inga hildring,
det som denne morgon gav.
- Får eg fylgje deg, Maria,
- inn i ljoset der i hagen?
- Kan mitt auga tole ljoset
- som er klårare enn dagen?
- Kan eg tru det, at din Herre
- nemner også meg som sin?
- Får eg dele gleda med deg
over Frelsaren som lever,
- og få sjå det, der i hagen,
- at din Frelsar og er min?
Johan Sorknes
(til innhold)
|