Ver helsa, Krist
- Ver helsa, kross, vår eine von,
Guds kjærleiks store gåte!
Vi løfter auga mot Guds son,
og syndaren finn nåde.
- Ver helsa kross! Ver helsa, Krist!
Vår synd du ville bere.
Di nagla hand, ho gjer det visst
at du vår bror vil vere.
- Di nagla hand med djupe sår
ho løyser syndebanda.
Kvart villsamt hjarte freden får
ved denne frelsarhanda.
- Du såra vart og knust for oss.
For alt du måtte bere,
ver helsa, Krist! Du for din kross
skal eige evig ære!
Johan Sorknes
(til innhold)
|