Eit folk i song

Spjelkavik Kr. Blandakor 50 år 1985


Du ser dei høge fjell, den djupe fjord.
Sjølv vert du så liten og din Gud så stor.
Du står der, teken, utan ord.
Då hender det så mang ein gong
di takk, di bøn vert song.

Men fjorden, han er ikkje alltid blå.
Nei, kom ein stormfull vinterdag, så får du sjå,
når stormen kvin om naust og nov,
og havet står i ryk og kov.
Då hende det nok mang ein gong
dei sat i angst for far og son, for ven og bror,
og bøna vart eit skrik forutan ord.
Då hende det det var ei trøyst
å be med andres ord og røyst,
å finne fram ei gammal bok
og bere bøna fram i song
for dei som strei i kav og ròk.

Og då ein dag du møtte Han, Guds eigen son,
som greip ditt hjarta, gav deg tru og von,
då kjende du at hjarta brann
å vitne for din bror om Han.
Då tentest det i hjarta ditt ein trong
å bere Ordet fram i song.

Song har fylgt Guds folk
i alle tider.
I glede som i tunge tider
var songen deira tolk.
Mot påskefest i tempelhall
dei dro med song,
og englar song
med fryd ein gong
om Barnet i ein stall.

I festtog mot Jerusalem,
i englekor ved Betlehem,
i vide bygd, ved djupe fjord,
fekk songen tolke Livets Ord.
Om vegen fram vert tung og trong,
Guds kyrkje er eit folk i song!

Eit lovsongskor
går over jord,
frå tind og nut,
frå hav og fjord,
ein takk til Gud
for Livets Ord.
Og mang ei fattig stove
vart kyrkjehus og tempelhall.
Der fekk dei Herren love,
der fekk dei bere fram Hans kall.
Dei ville bere kallet ut
til kvart eit menneske på jord,
det sæle Ord
frå himlens Gud.

Det er det gamle ordet om Frelsaren som kom
til fridom for kvar sorgtyngd sjel.
Og om du kjem til Han med naud og dom,
då er du sæl.
Han gav ein lovnad, og den vil han aldri svike.
Han gjev deg barnekår,
og retten til Guds rike.
Du får ein song å syngje ut
om gleda du har fått hos Gud,
om Frelsaren han sender.
Du er Hans barn, Han er din Far.
Då er du rik, kva enn du har,
og trygg i alt som hender.

Vi har ein song,ei tru, ei von.
Vi møtte Han, Guds eigen son,
han gav oss liv og frelse.
Så vil vi bere bodet fram
om frelse i Guds dyre lam,
og Han med lovsong helse.

Den songen lydde frå gammal tid,
i ljos og glede, i sorg og strid.
Den songen tonar i tusund år,
i dag som kjem, og i dag som går.
I vide bygd og i dalen trong,
Guds folk er eit folk i song.

Vi får stå saman i syskenlag
med dei som vitna i tid som for.
Vi får stå saman med dei i dag
som ljoset ber på den heile jord.
Så syng vi saman i lyd og lag
og skodar fram mot så sæl ein dag.

Då tonar songen klår
som aldri her på jord,
når vi for Herrens kongsstol står
og syng i himmelkor.
Med brus som tusen fossefall
den kvite skaren, utan tal,
let jubelsongen tone.
Dei alle syng for fyrste gong
den nye songen, Lammets song,
i takk for Herrens trone.




Johan Sorknes

(til innhold)