Den gode hyrding


Den gode hyrding fann meg og tok meg i sin famn.
Han heim meg bar
til Gud, min Far.
Eg kviler i hans namn.
Så stor er hans kjærleik,
han gøymer meg i nåden sin!
Han kallar meg ved namn og seier: «Du er min!»
Min takk vil eg gje han,

for kvar ein dag er han meg nær.
Min lovsong og min kjærleik får min Frelsar,
Han som trufast er.


Den gode hyrding stridde og gav sitt liv for meg.
Han siger vann
og ljoset rann
for meg på villan veg.
Han kjenner alle sine, han tek di veike hand.
Han fører deg
på himmelveg,
til Livets ljose land!
Så stor er hans kjærleik,
Han gøymer deg i nåden sin!
Han kallar deg ved namn og seier: «Du er min!»
Så pris han, din Frelsar!

For kvar ein dag er han deg nær.
Din lovsong og din kjærleik gje til Han
som alltid trufast er!



Johan Sorknes

(til innhold)