Du er ikkje einsam


Du skal ikkje stride einsam
du som la di hand i hans.
Alt av nåde vil han gje deg,
Livsens krone, sigrens krans.

Han som kjenner dine dagar,
han som kjenner mål og med,
til ditt beste alt han lagar,
signar deg med liv og fred.



Alle dagar som han gav deg,
er du i hans nådepakt.
Ingen skapnad maktar skilje
deg ifrå hans kjærleiks makt.

Han som kjøpte deg til livet,
maktar vare deg heilt fram.
Den som freistar frå deg rive
det han gav, står att med skam.



Frå hans kjærleik ingen skil deg,
det er lova i hans ord.
Ljoset frå hans kross skal skine
for kvart menneske på jord.

Du er teikna i hans hender,
du er elska av din Gud!
Takk då Gud, takk at du sender
dine barn slikt nådebud!




Johan Sorknes

(til innhold)