Eg kjem til degEg kjem til deg, du Herre Krist! Det veit eg visst at du er Gud og Herre. Di frelsarhand med djupe sår har soning gjort for synda vår, kor stor ho måtte vere. Eg lovar deg, eg takkar deg for Livsens veg. Di er all takk og ære. All synd, all skuld, tok du på deg. Du opna for meg Livsens veg så eg Guds barn får vere. Eg lovar deg, Guds eigen son for denne von at eg får eige Livet, at du i mørkret siger vann, at du mitt namn med såra hand i Livsens bok har skrive. Eg lovar deg for barnekår, for dine sår som opna himmelriket, for kjærleiken så rein og stor, for at du ville bli vår bror og aldri frå oss vike. Johan Sorknes (til innhold) |