Eg veit eg kan kome
-
Eg veit eg kan kome til Jesus
i kvardagens strev og jag.
- Eg veit eg kan kome,
eg veit at han ventar,
- og så vil eg kome i dag.
Om mine urolege tankar
vil kjøve mi von og tru,
- eg veit eg kan kome
og byggje i bøna
- mot himlen ei bivrande bru.
Eg bed han å ta mine tankar
og stø meg i sorg og tvil.
- Eg bed han som kjenner
den veg som ligg framom,
- å leie meg slik som han vil.
Eg veit at han lever, min Frelsar,
eg veit at hans lovnad gjeld.
- Han gløymer meg ikkje
og går aldri frå meg
- i skumring og mørkaste kveld.
Johan Sorknes
(til innhold)
|