I hamnNår brenning og brottsjø vil dra meg i kav, når stormane brusar på villande hav, når kavet vil kjøve meg, skodda forville meg, fårar og mørker meg leggje i grav, om skipsleida syner seg aldri så stygg, så siglar eg trygg. Om bord har eg losen som leide meg vil på kursen og leida dit eg stemner til. Han inkje forville kan stormen han stille kan, rasar og brusar han aldri så vill. Snart ankret vert kasta i Frelsarens namn, og eg er i hamn. Johan Sorknes (til innhold) |