Sæl er duSæl er du om verda mot deg rasar og bryt ned alle blomar på din veg. Sæl er du om sorg og motgang krasar kvar von, kvar glede, og gjer tungt kvart steg. Sæl er du om trøytt og sår du gjenger, og alt ditt verk kverv bort i stormens gny. Sæl er du om dine harpestrenger vert stilt i moll ved kveld og morgongry. Sæl er du om strengen skulle breste, og lukka vik og kverv i fok og kav. Sæl er du som fekk ditt ankerfeste på klippegrunn der aldri du driv av. Johan Sorknes (til innhold) |