Vår


Vill og veldig kjem våren,
brusande brå med brak og bulder,
eller stilt frå sør som ei sakte susing
med sildrande bekkar av snø som smelter.

Under veit eg:
Når isen eldast
og ask og older
ber grøne groar,
når fuglar flyg
over ljose lundar,
og haren hukrar i huldrenetter,
når livet spelar i ljose lier,
og fuglen roar seg trygg i reiret.

Under veit eg:
Når arden går over grornæm åker,
og såkorn spirer som livsens siger,
når hugen higar mot høgre tankar,
og unge augo ser æveljoset.




Johan Sorknes

(til innhold)