Vårtankar


Nå natta er så stutt og ljos
og dagane så lange.
Det vårast i kvar dal og fjord,
det grønkar i kvar li.
Og det er mange, mange
som nå finn veg til mold og jord
i slik ei grornæm tid.
Og gleda er å sjå det gror.

Og aldri såg du slik som her
så glad ein flokk av trost og stær
som strevar trutt for sine små.
Dei strevar hardt med trott og flid.
Og likevel så tek dei tid
i alt dei har å gjere,
å syngje – Gud til ære!

Ja, vi kan høyre, vi kan sjå
at våren kjem med liv og ljos
og løyser frosne vinterband
så bekken syng sin glade song
og hastar mot sitt os.
Og spede spirer bryt seg veg
så inga makt dei stengje kan.

Ja, nå er det vår
og våren han sletter
ut minne om vinter og hustrige dagar.
For nå er det stille og lysande netter,
og markene blømer som frodige hagar.

Nå gjer vi som fuglen og løfter vår røyst
til Han som har omsut for store og små.
Han ser våre tårer og gjev oss si trøyst.
Han gjev oss si glede og let oss få sjå
at kjærleiken Hans er ufatteleg stor.

Og lovnaden lyser så tindrande klår:
Ein gong vil Han gje oss ein æveleg vår!




Johan Sorknes

(til innhold)