Eg undrast
-
Eg undrast kva som ventar
i Himlens høgtidssalar
når Jesus heim meg hentar
frå ferd i skuggedalar.
- Ei glede som er utan mein,
ein kjærleik heil og full,
ein mur av klåre edelstein
og gatene av gull!
- Eg ser ein flokk som helsar
med song som fossebruset
sin Herre og sin Frelsar
for rom i Faderhuset.
- Kor kan eg tru at det for meg
er rom i denne stad,
eg, som så tidt på livsens veg
i sorg for synder bad?
- Kven er dei som i kjærleik
med slik ein song Han hyller,
som lever i Hans nærleik
så Herrens fred dei fyller?
- Dei reine er i Lammets blod
for all si syndeskuld.
For nådens store fagnadbod
dei syng med gleda full!
- Eg undrast kva som ventar
bak ferd i skuggedalar,
når Jesus heim meg hentar
til Himlens høgtidssalar.
- Ein spegel gjev oss Herrens ord,
det ikkje meire kan.
Men eitt eg veit ved Herrens bord
der skal eg møte Han!
Johan Sorknes
(til innhold)
|