Han kjem


Sjå, han kjem! Så gled deg, gled deg!
Løft ditt hovud, for det dagast over jord!
Nå er frelsedagen komen,

Frelsaren, han held sitt ord!
Fred og rettferd har han med seg
der han kjem med himmelher!

Sjå, han kjem, all verdsens Frelsar!
Jubelsongar kongen helsar,
han som evig trufast er.



Ljoset renn, nå snart det dagast.
Kongars Konge kjem med frelse og med von!
Gled deg, du som Herren kjenner,

Frelsaren, Guds eigen son.
For Hans augo alt vil lagast,
mørkret vik på Herrens bud.

Sjå, han kjem med fred og nåde!
Med si rettferd vil han råde.
Lovsyng kongen, Allhers Gud!



Snart han kjem, men kanskje ventar
han, og du må kjempe vidare din strid.
Gled deg da, og ber fram budet:

Ennå er det nådetid!
Når han ikkje sine hentar
er det for at fleir skal sjå!

Alle vil han nå med Ordet,
gje dei rom ved nådebordet.
Difor byd han oss å gå!




Johan Sorknes

(til innhold)