Mot måletKvil i din Frelsars hender! Om vegen vert steinut og trong, han går mot det solljose landet der du skal få bu ein gong. Vi har eit mål i vente, Han kjøpte oss dyrt på sin kross. Når vegen vert tung, vil han bere, og Frelsaren bed for oss! Han som er Vegen, Livet, han bøygde seg djupt til oss ned. Han sona vår synd og vår brøde og signar oss med sin fred. Ser du din Frelsars hender! Han teikna ditt namn der ein gong. Han vil at hjå Han skal du vere og syngja Han takkesong! Johan Sorknes (til innhold) |