Om skumringstimen kjemOm skumringstimen kjem og natta stundar til, om sola glar, det går mot kveld, og natta kjem med angst og tvil, om skodda legg seg over all min veg, så er eg trygg, ja, eg er trygg hjå deg. Ein gong brenn ljoset ned og eg skal stå for Gud. Då får eg kvile i din fred og bere Kristi rettferds skrud. Ditt nåderike opna du for meg, og eg er fri, rettferdiggjort i deg! Eg fekk så trygg ei von, velsignade Guds son! I mørke natt og stormens gny du ber meg fram mot morgongry. Du fann meg, og du tok meg i din famn, og eg eig evig fred i ditt velsigna namn! Johan Sorknes (til innhold) |