Myrkheim (c - Jomfrua og Riddaren) |
| Myrkheim (e - Staveskulen) |
Myrkheim forts. (Vismennene)
Inn dei sviv
i ein Steinheim stengd;
d'er Kluft etter Kluft
i Berge sprengd.
D'er Dal etter Dal
i Berge brotin,
alltid djupare
inn skotin,
alltid trongare
millom Eggir
med alltid brattare
Skiljeveggir.
Fullt det kravlar
i Kluft og Dalar
med Hamar som høgt
i Harm talar,
bøygde, skjeggkvite
Brillemenn,
som ropar og preikar
alle i Senn,
langkjole-klædde
Sellar snaale,
som skvakkar og gøyr
med Skrik i Maale.
Kvar Kluft og kvar Dal
er fyri bygd
med Borgir og Portar
til Vern og Trygd;
paa Murane øvst
morske og snøgge
Vaktmennar sìt
som gjæter gløgge,
blæs med Magt
paa Luren sin,
naar nokon dei ser
vil trengje seg inn
som hev kje paa Kjolen
Skurden og Lage
og ikkje Brillur
av rette Slage.
Der er ei Basing,
der er eit Bal;
d'er Ufred jamt
millom Dal og Dal
og Tevling strid
i kvar Kluft,
kven best kann verja
Grunn og Tuft
mot all Aagang,
rett og paa Sned
fraa ymse Sidur
og kvar Led;
og best i Ord
er best funnin;
for her til Vaapn
brukar dei Munnen.
Det gjeng gjenom Kluftir
ein Olster-Gny
som fraa Marknads Torg
i den store By;
det hurrar og surrar
um Haug og Hól
som fraa det uppskræmde
Kvefsebol,
kvin og kvell
med Pip og Læte
som Vinden tyt
imot Vestan-Væte.
Og verst brenn Hat,
som Feber og Pest,
der det um Kjærleik
vert tala mest.
D'er Kluft imot Kluft
og Mann mot Mann;
dei fiktar so lengi
dei skrike kann;
d'er Hop imot Hop
i Hernad fæle;
dei fiktar so lengi
dei fær upp Mæle.
Det huver fraa Haug,
det yler fraa Ufs,
skvakkar og gøyr
med Glam og med Glufs;
Eiter-Pilir
og Eldklegg flyg;
eitt Ord kann ein skilja
«De lyg! De lyg!»
Men midt i sitt Staak
dei utrygt glor,
og liksom skjemmest
av eigne Ord;
midt i sitt Mod
dei rædde vankar,
og naaljos-blaae
brenn kalde Tankar.
Volva
Skrik seg skire
til skiljande Tale!
Rop
«De lyg! Det er Tøv
og Tufs!
Det ser me fraa vaar
Ufs!»
«De lyg og æveleg
laug;
det ser me fraa vaar
Haug.»
«Det hjelper ingi
Trætte;
vaare Brillur viser
det rette!»
«Fast stend, kva i Verdi
som brest,
at vaare Brillur
er best!»
«Kvar kann gjenom vaare
sjaa:
her einast er Løysning
aa naa!»
«Gjenom vaare, dei einaste
reine,
er Sanning aa finne
aaleine!»
«Den Sanning ber nord
og ned;
hjaa oss aaleine
er Fred!»
So gjeng det Kjas
og det Kiv;
Hat flengjer og Harm
riv.
Det fløymer med Ord
og kyngjer;
Menn trutnar av Eldklegg-
styngir.
Veslemøy
Kva er det for Naud som jamrar her;
kva er det for Staak og Skrik?
Systeri
Det er dei sjau hundra tusund Vismenn,
som held ein Livnad slik.
Dei tekst og trættast i Ævordoms Tid
um Lærur og Visdoms-Grunnar,
til Mæle visnar i haase Hals
og Tunga i mødde Munnar.
Veslemøy
Men dei som hev Rett maa vinne til Slutt
og faa for si Sanning Ære?
Systeri
Urett hev dei alle saman
med all si rette Lære.
Veslemøy
Kva er det for Runemerke,
dei hev i si skrukkute Panne?
Systeri
D'er Merke aat Dyre. Dei søkte Magt,
som skulde søkt det sanne.
Dei søkte Magt og sin vesle Vyrdnad
og Meistar-Namn og Ros
som skulde i døkke Mannaheimar
nørt det ævuge Ljos.
Dei søkte Tilheng og Medhald
og Mengd som på deim trudde;
Sanningi harde dei heller daa
lempa so smaatt og snudde.
Strenge var dei i Læra,
men slo paa Sanningi av;
no gjeng dei her og tærest og turkar
i faafengde Ordstrids Kjav.
Men det er verste Suti
og Harmen tregefull,
at dette dei so maa fyri fikte,
det ser dei sjølve er Tull.
Veslemøy
Kva bind dei arme, at ikkje dei
til Fridom kann Vegen finne?
Systeri
Det er den brennande Aabryskap:
dei andre maa ikkje vinne!
*
Myrkheim (c - Jomfrua og Riddaren) |
| Myrkheim (e - Staveskulen) |