Haugtussa
HEIME
Veslemøy ved Rokken
D'er Haust. Det ruskar ute
med Regn og kalde Vind.
Smaafuglen flyg mot Rute
og vilde gjerne inn.
Men under Omnen god,
der ligg paa Sekkje-Pute
han gamle Mons i Ro.
Der ligg han trygg og drøymer
og blinkar stilt og smaatt
og alt i Verdi gløymer
og hev det varmt og godt.
Og segjer ingin Ting,
men liksom inn seg gøymer
med Rova sveipt i Kring.
Som Silke-Nøste fine
han ligg i mjuke Skinn
med Svevn i kvar den Mine
og alle Kløar inn.
Og glyrer likesæl
med kloke Augo sine
og murrar smaatt og mèl.
*
Skal vìta kvar du vankar
i blide Draumar no?
Kann hende dine Tankar
seg svæver lint til Ro
i gamall Minne-Krins,
som stilt i Hop seg sankar
fraa den tid du var Prins?
Venaste Prins i Verdi
du gjekk i Skogen grøn
med Gullhaar yvi Herdi
og ung og keik og kjøn
og tenkte paa den Møy
som gjekk og henta Bæri
so vide under Øy.
Daa kom den Trollheks blide
med Sving og Sveiv og Svins
fraa Trolleheimen vide
og saag den vene Prins.
Men skræmd han fraa ho skvatt.
Daa las ho Trollbøn stride
og gjorde han til Katt.
Sidan so vidt han flakkar
igjennom Skog og Skar,
langt yvi Berg og Bakkar,
og kjem til okkons Gard.
Her kan i Ro han døy.
Her vil han kvile, Stakkar,
og tenkje paa den Møy.
Aa hu! det ruskar ute
med Regnvind sur og graa;
Smaafuglen flyg mot Rute
og liksom bankar paa.
Men under Omnen god
du Mons paa Sekkje-Pute
skal drøyme lognt i Ro.
Kvelding
Snøen fell
i graae Kveld
stilt or mjuke Lufti.
Stilt og tett,
lint og lett;
legg som Dunseng mjuk og slett
dunkvit yvi Tufti.
Veslemøy
vondlar Høy
i den myrke Løda.
Nisselaatt
kvėsar smaatt;
Tuftekall seg likar godt,
naar Buskap fær si Føda.
Gamall Kar
han er i Gard;
strengt han all Ting agtar.
Fylgde blid
fraa fyrste Tid
med i baade Stræv og Strid;
og helst han Fjose vaktar.
Difor òg
veit han fjaag
kva han hev i Vente.
Graae-Kropp,
Raude-Topp
kvar den kveld sin Mjølke-Kopp
fær av snilde Gjente.
Mat ho ber
til Kui kjær,
og kvar og ei ho kjæler.
Gjerne ho
stullar so:
alltid var ho dyregod
og aldri for Nissen fæler.
Varme Brunn
til tyrste Munn
hit fraa Eldhus ber ho.
Fær so snøgt
Ljos i Lykt,
mjølkar Kui lognt og trygt;
og breddfull Bytta fær ho.
Stelt og god
Kui so
roar seg til Nattenn'.
Jortar smaatt,
legg seg godt;
Tuften kjem med enn ein Dott;
dansar so med Katten.
I Omnskraai
Dei hev gjort fraa seg i Kjøk og Fjose,
men d'er for tidleg aa kveikje Ljose.
Lars Dreng maa stulle i Stall ei Stund.
Ho Mor, ho tek seg sin Skùmingsblund.
Daa inn dei tuslar fraa andre Garden,
han litle Per og ho snilde Maren.
Det er so varmt i den logne Kraa,
og no dei Sogur vil høyre paa.
Det er den Moro dei helst vil velja;
og Veslemøy kann so godt fortelja.
Det gjeng med Segnir og Æventyr
og løgne Rispur um Troll og Dyr.
«Han Helge Haaland so vide jagta;
ein Gong i Byen han laag og slagta.
Men daa han kom seg til Holmesylt
paa Vegen heimatt, daa vart han tryllt.
Det var som Fjelli dei hadde flutt seg;
det var som Leidine hadde snutt seg;
og Jord var Vatn, og Vatn var Jord,
og Hav var Fjellgard, og Sud var Nord.
Han hadde gløymt kvar han heime budde;
i Ring han tulla, og so han snudde.
Attende bar det so snøgt som Eld;
det leid paa Tidi; det var alt Kveld.
Han kjende plent som det saug og drog'n.
Med ein Gong stod han i Vatneskogen.
Daa vart han fælin, det maa dé tru,
og andre Gongen so laut han snu.
Og berre Søyla han gjekk og glatt i,
og meir og meir vart det svarte Natti.
Og Leidi burte var so for han,
som han skuld' vera i frammandt Land.
Og langt og lengi han gjeng og flakkar;
sist stend han ør millom bratte Bakkar.
Her aldri fyrr han i Verdi var.
Men so med ein Gong han ser ein Gard.
Og glad vart han, der han stod forlegin,
og inn han gjeng og vil spyrja Vegen.
Men aldri Orde so fær han frett.
For slik ein Gard hev vel ingin sétt.
Det berre glimar og glor og blenkjer
fraa Krakk og Kraa og fraa Bord og Benkir;
og Perlur hev dei um Hals og Haar,
og Sylvstas singlar kvar Gong dei traar.
Han gløymer reint kva det var han vilde;
og alle her er so hjarte-snilde.
Dei stullar um han i Rad og Krins
med Drykk og Mat som han var ein Prins.
Han gløymer heime og alt der ute;
snart er han sessa paa Silkepute.
Der sėt han stirer og er som ør;
d'er nett han svarar, naar nokon spyrr.
So tidt han tyrster so kjem med Krusi
den vene Dotteri der i Huse.
Slik Dros i Verdi han aldri saag;
reint som ei Hildring det um ho laag.
Han ser paa Gjenta som vil han daane;
ho smiler til han, so han kann braane;
Den Gamle nikkar og segjer daa:
«um du ho likar du kann ho faa.»
«Ja fær eg henne og dertil Garden,
so kund' eg aldri bli betre farin.»
«Ja Garden fær du naar fraa eg fell,
og Bryllaup held dé i denne Kveld!»
Og alt gjekk godt til um Natti seine,
daa dei i Brur-Koven vart aaleine.
Daa alt med ein Gong han skyna maa;
for Huldrerova so fær han sjaa.
Daa baade fæle han maa og flire,
og Kniven dreg han i Hast or Slire;
i same Stundi det gjekk eit Rop,
og svart og burte var alt ihop.
Han fann seg att under Haalandsaasen
med vondt i Hovde og vaat og frosin.
Daa alt han skyna: i heile gaar
han hadde gløymt lesa Fadervaar.
Men sidan tidt, naar han einsleg staaka,
han denne Huldremøy atter raaka;
og daa med Taarir ho klaga seg:
«du kunde frelst baade meg og deg.»
Det er nok mange i Haug og Hamrar
som gjeng og lengtar og stilt seg jamrar;
dei saknar saart baade Sol og Dag;
men talmast maa dei i Tusselag.»
Sporven
Smaa-Sporven gjeng i Tune
og tippar Korn og ribbar Straa
og hev so god ein Une
og lær aat Katten graa.
Pip, pip, det so seg lagar
alle Dagar,
at Monsemann meg jagar,
men kann meg aldri faa.
Eg er so lett paa Vengen,
og Mons maa sleikje seg um Trut;
kvitt, kvitt, den gamle Drengen,
han fekk so mang ei Sut.
Og um i vide Ringar
Hauken svingar,
eg burt meg kverv og kringar
og slepp av Leiken ut.
Eg lìver Dagar lette
og er fornøgd, aa ja, aa ja!
Kvar Dag eg fær min Mette
som eg det best vil ha.
Pytt, pytt, kven spyrr um Føda?
Nok i Løda!
Der ligg den rike Grøda;
der kann eg berre ta'.
Og tidt eg fær i Joli
ein Godbit fin av Veslemøy;
og frys det, hev eg Skjol i
det gode varme Høy.
Og so - kvitt-kvitt, Gomaar'n!
so kjem Vaaren;
daa fri paa Vengen borin
eg byggjer Reir paa Øy.
Det syng
Linnvêr og Sus og skodde-vaatt.
Maaneglyttar i sprengde Nott.
Skodde maaneljos, mjølkekvit
skuggelett velter hit og dit.
Skuggar vaknar og driver av.
Susing syng fraa det stille Hav.
Livet drøymer i Trolldoms Bann.
Tung ligg Svevn yvi Land og Strand.
*
Veslemøy søv i sin Omnskraabenk.
Lint henne vekkjer ein Maaneblenk.
Dvaledøyvd, magtlaus, or Svevnen raadd
Skuggar ho skimtar i Maaneskodd.
Lett under Glas trippar Bukketraav.
Vinden susar med Sukk om Nòv.
Veks og voggar som Tonebrus.
Inn skjelv Song so linn og so fus.
*
- Aa veit du den Draum, og veit du den Song,
so vil du Tonane gøyme;
og gilja det for deg so mang ein Gong,
rett aldri so kann du det gløyme.
- Aa hildrande du!
Med meg skal du bu;
- i Blaahaugen skal du din Sylvrokk snu.
Du skal ikkje fæle den svale Nott,
daa Røtane gror ned i Jordi;
du saag i Draumen det Maane-Slott
og høyrde dei Leikar-Ordi.
- Det frævest i Blund,
det grønkar i Lund,
- og Dagen ei kjenner den Sæle-Stund.
Du skal ikkje fæle den mjuke Nott,
daa Draumen slær ut sine Vengir
i linnare Ljos enn Dagen hev aatt
og Tonar fraa stillare Strengir.
- Det voggar um Lid,
det svævest av Strid,
- og Dagen ei kjenner den Sæle-Tid.
Du skal ikkje fæle den djupe Nott,
som søv under svivande Eimar
og ser gjenom Gru og ser gjenom graatt
langt inn i dei draumhulde Heimar
- og voggar deg linn
og lullar deg inn
- fraa Dagen den trøytte, av Soli blind.
Du skal ikkje ræddast den Elskhug vill,
som syndar og græt og gløymer;
hans Famn er heit og hans Hug er mild,
og Bjørnen arge han tøymer.
- Aa hildrande du!
Med meg skal du bu;
- i Blaahaugen skal du din Sylvrokk snu.
Fyrivarsl
Veslemøy ligg og drøymer
i Morgonstundi graa
og ser si sæle Syster
for Sengebenken staa.
Mjukt fløymer det kvite Lakan
ikring den Skapnad fin;
so vent det skimrar og lyser
med underleg Bivreskin.
Eit Staup av Sylvet klaare
i magre Hand ho bèr.
Dei store stille Augo
med Sorg paa Veslemøy ser.
«Du arme, unge Syster!»
ho kved med kjærleg sut,
«her er den Kalken djupe,
som du skal tøme ut.
Du hev den tyngste Lagnad
som nokon her kann faa.
Det som i Natti seg løyner,
det skal du skilja og sjaa.
Di legg det svikefulle
Snòrur i vegen din
og lillar lint og lokkar
og tryller ditt unge sinn.
Aa sjaa deg, sjaa deg fyri!
Du hev so myrk ein Veg.
Men naar du ut vil glide,
eg er ikkje langt fraa deg.
Aa sjaa, aa sjaa deg fyri!
Vegen er myrk og glatt.
Men ljuv er ljosnande Morgon
alt etter den tunge Natt.»
Veslemøy vak med Glede
vil helse si Syster god.
Daa lyste gjenom Rute
den fyrste Morgon-Glod.
Den sæle, kjære Syster
gleid burt i Ljosken linn.
Det drogst ein Sukk som døydde
i vaknande Morgonvind.
Sundagsro
Frosten knakar
i Nòv og Vegg;
Soli gløser
og søv og legg
sitt Eldskin raudt yvi Snøen.
Frostskodda heng
som svivande Bru
yvi Isar og Heid
i Upp og i Sud;
men fri ligg vinterstill Bøen.
Inne ho Gamlemor
brille-klok
ved Bordkanten uppe
les i si Bok
og tenkjer paa siste Ferdi.
Ved Omnen jønnraud
Ungdom sìt
og steikjer Skivur
og knaskar og ét;
det er det beste i Verdi.
*
- «Kva er det som tyt og aldri tegjer
- i villan Heid?»
- «Bekken han tyt og aldri tegjer
- paa langan Leid.»
- «Kva er det som høgger heile Dagen
- og Flis ikkje fell?»
- «Klokka ho tikkar heile Dagen
- og lange Kveld.»
- «Stogo full av den graae Ull
- som ingin kann taka?»
- «Røyken er denne lette Ull,
- som ingin kann maka.»
- «Det kjennest paa mjuke Kattesnute
- baade varmt og kaldt;
- d'er ikkje inne og ikkje ute,
- men tekt yvi alt?»
- «Og ikkje inne og ikkje ute,
- baade varmt og kaldt,
- det er i Glase den klaare Rute
- med Tak yvi alt.»
- «Rundt som eit Egg og langande langt
- som ein Kyrkjeveg?»
- «Garn-Nyste er baade rundt og langt,
- kann eg segja deg.»
- «Fire heng og fire gjeng,
- naar Lauve det spretter;
- tvo stend i Sky; tvo finn Vegen til By,
- og ein diltar etter?»
- «Kui med Jure paa fire gjeng,
- naar Lauve det spretter;
- Horn stend i Sky; Augo ser imot By;
- men Rova sleng etter.»
- «Brunt i Roti det lær til deg,
- men kvitt uppi Toppen;
- under eit Aaklæd' det spélar seg,
- og gjer godt i Kroppen?»
- «Ny-Øle æser og brunt seg dreg,
- med Skùmhatt paa Toppen;
- i aaklæd-tekt Kjer so spélar det seg
- og gjer godt i kroppen.»
- «Um Vinteren veks eit underlegt Tre,
- men minkar um Vaaren;
- Roti snur upp og Toppen ned,
- og smal er han skorin?»
- «Jokulen er dette Vinter-Tre,
- som minkar um Vaaren;
- han heng under Take med Toppen ned,
- og smal er han skorin.»
- «Vaar Herre fær det visst ikkje sjaa,
- men me ser det kvar Dag?»
- «Sin Jamlike er det han ei fær sjaa,
- men som me ser kvar Dag.»
- «Rotlaus veks det av lange Røtar.
- Um Dagen det skrid
- paa tvo, men til Morgons paa fire Føtar,
- um Kvelden paa tri?»
- «Mannen veks rotlaus av mange Røtar
- fraa Adam av.
- Og fyrst han kryp; so gjeng han paa Føtar,
- men sist med Stav.»