Heime
Register Ordforklaringer
Jol

Arne Garborg

Haugtussa



VESLEMØY SYNSK



Gamlemor ventar

I mjuke Kòle-Ljose
ved Omnen glødd og varm
ho Gamlemor snur paa Rokken sin
og tøygjer den magre Arm.

Um skrinne skrale Lìkam
ligg Kjolen grov av Ull.
Hovude bøygjer seg sveipt i svart, -
ein nikkande Klædetull.

Med skrukne Knokehandi
ho dreg den lange Traad.
Rokken knurrar sin gamle Song,
som lite ho høyrer paa.

Rundt Golv um gamle Veggir
som Bøyg i krulla Ring
gapar den skùme Skugge-Natt
og gløyper alle Ting.

Viker og fram-att dreg seg
or Myrkeheimen stor
og blundar stilt og geispar tomt
og drøymer rædd og glor.

Upp av den graae Skùming
stig som ei Aand or Grav
Gamlemor sin Skugge
vittande att og av.

Og Rokkeskuggen sviver
paa Veggen skakk og graa,
og Hovud-Tullen nikkar smaatt
mot Rokken til og fraa.

Og Kòla brenn so dauvleg,
og Kòla brenn so blaatt;
Mor tekst med tunge Tankar:
er noko tids i Nott?

Det græt um Nòvine ute,
det dunkar i Vegg og smell;
ei Uro prikkar i Barmen:
er noko tids i Kveld?
*
Daa stansar Rokken braatt,
og Kroppen lyer stiv;
ho høyrer Stìg; det spring
som galdt det Sjæl og Liv.

Ho høyrer Styn og Sukk
og strøypte Andedrag;
ho høyrer Bøn til Gud
og liksom Hjarteslag.

Ho reiser seg og gjeng
uroleg att og fram
og krossar seg og bed:
«aa Jesus, du Guds Lam» ...

Og Klokka gjeng so seint,
og Klokka gjeng so smaatt,
og Klokka døyr og stansar ...
- «Aa gjer det fredt i Nott!»

Og ute er det svart,
og ute er det stygt,
og ute uler Vinden;
- «aa gjer det fredt og trygt!

Og midt paa svarte Heid,
der flyg den Arming no
med Ryggen kald av Rædsle;
aa send ho heim i Ro!

Eg høyrer inkje meir ...
Aa, hjarteleg eg bed,
aa send mi Veslemøy
til Mor si heim med Fred!» -
*
Daa høyrer ho paa nytt
den same skræmde Gang,
det same Andetak,
det same Livsens Sprang.

Upp Døri flyg med Brak;
inn stuper Gjenta kvit
med Munnen turr og opin,
med Augo utan Vìt ...

«Mor - Mor, eg er so rædd.
Her er so stygt og svart.
Og, du, - i Grave-Heid,
der saag eg noko rart» ...

«So, Barn; her er du trygg.
Her naar deg ingin Draug.
Kom, set deg. Vart du skræmd?
Eg høyrde kor du flaug.

Her; drikk ein Drope Mjølk.
Og roa deg ei Rid.
- Eg kvakk! So vel eg aldri
visst høyrde Fylgja di.»




Veslemøy

Ho er mager og myrk og mjaa
med brune og reine Drag
og Augo djupe og graa'
og stilslegt, drøymande Lag.
Det er som det halvt um halvt
laag ein Svevn yvi heile ho;
i Rørsle, Tale og alt
ho hev denne døyvde Ro.

Under Panna fager men laag
lyser Augo som att-um Eim;
det er som dei stirande saag
langt inn i ein annan Heim.

Ho gjeng aat sin Omnskraabenk
og set seg, men veit det knapt,
og tek denne Mjølkeskjenk
og sit der roleg fortapt.
Berre Barmen gjeng sprengd og tung,
og det bivrar um Munnen bleik.
Ho er skjelvande sped og veik,
midt i det ho er ven og ung.




Syne

«- Nei Mor, det kann du tru med Lit;
eg miste korkje Hugs hell Vìt.
D'er ingin Draum eg fèr i.
Nei; vel eg veit, for fyrste Gong
eg saag inn gjenom Glytten trong
inn i den andre Verdi.»
- «Daa fekk du Feigmanns-Gjerdi.»

«Syt ikkje, Mor, for Veslemøy!
Det er kje eg som burt skal døy
og meg i Naa-Ham hylja.
Men Morbror hev me mist i Kveld.
Eg møtte han i Grave-Dæld.
Han skein som Moreld-Bylgja.»
- «Gud vil honom naadig dylja.»

«Det myrkna yvi Haug og Heid,
og Skùming dulde Leng og Leid.
Eg gjekk med Gud i Tankar.
Daa vart det stilt som djupt i Grav.
Det var som Verdi sovna av.
For Øyro Blode bankar ...»
- «Alt Dult i Myrkre vankar.»

«Eg vart kje rædd. Eg undrast smaatt ...
Daa ljosna fram av tette Nott
ein Mann i Maaneskins-Lakan.
Eg kjend' han vel og venta stilt.
«Far vel,» han kviskra kvævt og mildt.
Og burt i Lufti rak han.»
- «Gud i din Himil, tak han!»

«Daa var det som eg lukta Lik;
og høgt i Heidi gól eit Skrik.
Eg vìtlaus vart og fæli
og sprang i Ørska villt min Veg,
til glad eg her fekk finne deg.
Men Minne er eg sæl i.»
- «Gud æveleg glede Sjæli!»




Haugtussa

Ein Dag dei spurde
med Kolning um Munn,
at Mannen var daain
i same Stund,
ja nett i den same Time.

Daa skalv den unge
i Hùg og Hold:
«no maa eg sjaa
baade Draug og Troll
og Gasten med Haari lange.»

«Gud trøyste deg daa,
du Veslemøy;
det vøre deg betre
du maatte døy,
so fingje du Fred i Jordi!»

«Aa heller vil eg
med Augo sjaa,
enn dauv og blind
gjenom Verdi gaa
og ikkje det Sanne skilja!»

- Sidan saag ho
i Haug, paa Voll,
baade Nisse og Nøkk,
baade Draug og Troll
og Gasten med Haari lange.

Tidt mullande gjekk ho
med myrke Ord
og skræmde stundom
si eigi Mor;
dei sa ho vanta paa Vìte.

I Lyngmarki Nord
millom Haugar tri,
der gjekk ho gjætte
si meste Tid.
Og Haugtussa vart ho heitand'.




Heime
Register Ordforklaringer
Jol