PAA SKARE-KULA
Det vaknar
- Maanen sloknar i Havsens Eim
Nede i lægste Sud;
Stjernur tryllte i Ørskesveim
rapar fraa Himilbru.
Vinter gufsar fraa Jotunheim
- yvi Fjellom.
- Myrk seg sveiper den tunge Nott
tett ikring trollsvævd Jord;
tomt i Stilla det høyrdest Laatt,
Dvergmaal og døyvde Ord.
Lyktemann vaknar og Naa-Ljos blaatt
- yvi Fjellom.
- Skrattande Skrell av Hovsveins Lur
gjeng ifraa Varde-Topp;
graatt daa livnar i Ufs og Urd
Krok og underleg Kropp.
Hit skal alt som ned-under bur
- yvi Fjellom.
- Vinter-Ljose vaknar i Nord
tøygjer dei grøne Bogar,
jagar med Sus under Kvelven stor
fram sine frosne Logar,
skimrar som Sylv og Perlemor
- yvi Fjellom.
- Skifter, glimtar i vinraud Glans,
ljosnar og av att fell;
staalkalde Straalar i isbleik Krans
skyt seg fram yvi Fjell,
braar og bivrar som Sverd i Dans
- yvi Fjellom.
- Ljosken vinn yvi Varde,
knyter seg der i Knut,
gøyser, velter sitt Bivreskin
skiftande ut og ut.
No stend Halli tjeldprydd og fin
- yvi Fjellom.
*
- Daa no allting er so i Stand,
blæs han paa nytt, den Sveinen; -
høgt med Brak kjem den svarte Mann,
set seg paa Store-Steinen.
Augo gløser som Glod og Brand
- yvi Fjellom.
- Fram so glider dei Draugar,
ranglar med sine Bein;
ein Gong gav dei seg Hin i Vald,
maa no lide det Mein.
Gravsong susar som Vinden kald
- yvi Fjellom.
- Kjem so den hoppande Haugbukk,
Svartalv og svidde Dverg,
Havtroll og Nøkk og den gule Gast
og alle som bur i Berg.
Hit dei hiver i Sjumils-Kast
- yvi Fjellom.
- Sist kjem Trollmann og Kvende
hit yvi Aude-Heidar,
rid paa Limar og Staur og Stong,
mullar so harde Eidar.
Fælsleg gaular den Galdresong
- yvi Fjellom.
- So er dei samla den heile Hop
baade fraa fyrr og no;
full er Troll-Kluft og Svarte-Grop,
stappa er Tusse-To.
Laatt det rullar og Helsingsrop
- yvi Fjellom.
- Og som Storm yvi stride Hav
vaknar den svarte Songen;
Tonar fraa Haug og Tonar fraa Grav
helsar og hyller Kongen.
Stig og strøymer og stilnar av
- yvi Fjellom ...
Dei hyller sin Herre
Heil sitje du og sæl,
du Hovding høg i Hel
og Drott paa Jord.
Ver sterk og stor og fræg!
Gakk staut din Sigers Veg!
Legg Verdi under deg
fraa Sud til Nord!
Gjev kvar din Uvén maa
paa Jordi bannstøytt gaa
forutan Trygd!
Men den som gjev seg deg,
lat han faa magge seg;
gjer lett hans Ljugarveg
til Heir og Høgd!
Daa ber me deg i Famn
og bannar ved ditt Namn
tri Gongir tri.
Tri Gongir tri du er
vaar Hovding her og der!
Du eig oss kvar me fer
i allan Tid!
Prøve
- Fanden sìt med si Bok paa Kne,
rìtar med Blode raude,
set sine Teikn paa tvers og Snìd
for Lìvande og for Daude.
Sist kjem dei nye som no skal med
- inn i Flokken.
- Fram dei møter for høge Stol
mullande Bøni tung;
Fanden gaper med Halsen hol
etter baa' gamall og ung.
«Vil de paa denne Fyri-Jol
- inn i Flokken?»
- Ein etter annan dei svarar Ja;
det tykkjest Fanden Mùn;
upp dei steller seg daa i Rad
liksom til Konfirmation.
Prøve krevst, fyrr han vil deim ha
- inn i Flokken.
Svarte-Katekisma
«Det fyrste Krav, det er?»
- Sjaa ut som dei andre i all di Ferd.
«Det andre au du kann?»
- Banna i Hjarta Gud og Mann.
«Veit du mitt tridje Yrkje?»
- Gakk kvar den Sundag til Kyrkje.
«So nemne du meg det fjorde?»
- Hald alltid med dei Store.
«Det femte?»
- Spar ikkje den,
som i Vegen for deg stend!
«Det sette?»
- Ver eit Svin,
men utantil blank og fin.
«Det sjuande?»
- Det er Trollmanns-Sæla:
lìva stort av i Løynd aa stela.
«Det ottande?»
- Beste Verja,
det er aa ljuge og sverja.
«Det niande?»
- Sløg du vere og snar,
naar Teften du fær av Annanmanns Gard.
«Det tiande Krav?»
- Din Granne svike,
i stort og i smaatt, du alltid maa like.
«Visdomens Grunn, fekk den du fat?»
- Aldri du gløyme det store Hât!
«Kva trur du?»
- Eg trur og i Sanning finn,
at alltid til Slutten det vonde vinn.
«Kva bed du?»
- At aldri i all si Tid
denne vonde Verdi maa betre bli.
«Nemn meg so det du høgast vil?»
- Eige Verdi og høyre ho til.
«Er denne Viljen din heil og all?»
- Med Blod vil eg skrive meg deg i Vald.
«Og sidan?»
- At denne Pakti kann staa,
vil kvart Aar eg til Alters gaa.
*
- Trollmanns-Emne legg seg paa Kne;
daa stig eit Glede-Rop
sterkt som Stormsus i gamle Tre
upp fraa den heile Hop.
«Han hev Trui! Han er som me!
- Inn i Flokken!»
- Fanden Firkloi lyfter,
sver ved den namnlause store:
«Fraa i Natt hev du Magti mi;
det vere her deg svori!
No eg tek deg for all di Tid
- inn i Flokken!»
Stjernefall
- Fram daa stiger dei gamle,
Kvende og sidan Menn,
tel sin Herre alt dei hev gjort,
kvar i si Bygd og Grend.
Fanden flirer so blidt og stort
- til deim alle.
*
Finnekjering
Eg manar Sott paa Folk og Fe,
og sender Flugo den Gule;
eg løyser Storm; eg spiller Fred
med Ordi range og fule.
Fantekjering
Eg lærer Draapsmann den kalde Ro
og Tjuv aa dirke Laasen;
og trollar so Kui mjølkar Blod
og stuper daud paa Baasen.
Gulklædd Kjering
Eg Mistru set millom Møy og Gut
med snikjande Trylle-Ordi;
eg veit, naar Mann og Viv fell ut,
daa visnar Grase paa Jordi.
Ei mager Kjering
Eg vekkjer vondt millom Mann og Mann
og Tankar som Tru kan tære;
eg veit, naar Ovund kjem rett i Brand,
kann alle det vonde lære.
Krylrygg-Kjering
Greide Menn med det faste Mod
eg kann slett ikkje like;
eg legg deim Vanhug i valne Blod
og lærer deim aa svike.
Kjering som blinksar
Eg kverver Syne paa Gjenta holl,
alt ilt ho for seg skal byte;
ho kastar seg burt til Fark og Troll
og maa ihel seg syte.
So øydest Live i kalde Harm,
og ned ho krøkjest og kruknar;
Hjarta klakar til Is i Barm,
og alt ikring henne sjuknar.
Troll-Kokke
Eg trollar Ørske paa svikne Møy,
der Barne ho eig i Skjole;
ho løyner det burt, ho læt det døy;
so fær me Steik til Joli.
Halvnaki Trollkjering
Paa Viddi med meg flyg tryllte Gut,
til Hold og Heile blotnar;
sistpaa sìt han i einsleg Sut
med Reivar um Arm og rotnar.
Brille-Kjering
Eg vil at Live visnar i Knupp;
daa skal me snart oss hevja;
eg vekte Kvinna or Svevnen upp
og lærde henne krevja.
No gjeng ho sterk sin Krevjarveg;
ut vil ho allting teige;
og berre daa vil ho gifte seg,
naar Mannen vil Borni eige.
Trollmann med ein Bolle
Skal Mannen til Gagns me gjera tam,
so maa kje Øle dovne;
med det eg trollar Viljen lam
for det maa Vìte sovne.
Nakin Trollmann
Med friske Arbeid og jamne Trott
vert Mannen oss altfor hardbeitt; -
eg lærer Folk aa lìva godt,
fyrr Løni dei upp hev arbeidt.
Trollmann med ei Øks
Bygd mot Bygd av blide Kaar
eg saman med Kniven jagar;
og alt dei avla i aatti Aar
er spillt paa aatte Dagar.
Trollmannen Likeglad
Det lite er um den sterke Kar,
naar av han høgger Neven;
eg preikar Fred i Hønsegard,
fyrr eg hev bundi Reven.
Trollmann med eit Ris
Eg trollar i Haug dei leikande Smaa'
og klæd dei i Trælebroki;
naar ut dei kjem kann dei inkje sjaa;
eg batt deim for Augo med Boki.
Trollmann med ein Sekk
Av Synd og Sorg er Sekken full
som tung meg tyngjer Herdi;
med Laas og Lekkje av Sylv og Gull,
eg trollbatt heile Verdi.
Armod vesal i Villa gjeng
og Sjæli or Skinne plagar;
Rikdom vrid seg i Puteseng
og rotnar av gode Dagar.
Trollmann med ei Svìpu
Eg vil rikje og eg vil raa,
og eg vil for alle tenkje;
der eg gjeng fyri skal alle gaa;
sjølv vil eg i Brodden blenkje.
Trollmann med tvo Andlit
Eg manar Elvi til stilt aa staa
og bind i Skùming Døgre;
eg vil baade fram og attende gaa
og baade til Vinstre og Høgre.
No stend mi Bygd som den stille Dam
med Rôt og rare Dyr i;
ho sig ikkje att, ho vinn ikkje fram;
snart er ho berre Myri.
Hesteskjerar
Smaamann skal ha det store Rom
og styre paa Smaamanns-Gjerdi;
daa dreg han alt ned i Armodsdom,
og det vert trongt i Verdi.
Og den som var skapt til veldigt Verk,
skal sitja blid ved Rokken;
eg tek hans Manndom, og Guten sterk
vert blaut som den andre Flokken.
Aale-Trollmann
So mang ei Uferd eg Arming fór;
no treisk eg med Trollkunst fiktar;
Split eg vekkjer med range Ord
og Vildring, naar braatt eg svigtar.
Kann ein kje vinne i opin Strid,
so kann ein som Fant seg klara;
den Visdom lærde eg Bygdi mi;
med den skal ho ille fara.
Trollmann med Muleband
Eg lærer Folke det stille Svik,
som alltid laagare bautar;
so mang ein god Gut er alt meg lik
og tegjer naar Urett brautar.
Svartebrørar
Me sutrar Salmar og Bønir gneg
og mullar Lov og Vangilje,
til Folk trur dette er Livsens Veg,
og gløymer Livsens Vilje.
Diger Trollmann
Eg stor Mann um i Bygdi dreg,
men smaatt so tidt eg gjorde,
at den som lærer aa kjenne meg,
han trur kje meir paa det store.
Litin Trollmann
Um eg er veik so veit eg Raad:
kvar den som vann upp Aasen
Finnskòt eg sender or Løyndekraa
og Motbør or Skravleposen.
Ingin er so hjarteleg glad
som Smaaing naar smaatt han fær tenkje;
eg fær dei med meg alle paa Rad,
naar stort eg med stygt kann krenkje.
Eit Beinrangel
Eg sender Dauskòt i valne Bring,
so magtlaus dei maa seg bøygje;
dei ser seg leide paa alle Ting
og legg seg til aa døye.
--- --- --- ---
--- --- --- ---
*
- Fanden priser med Fagnad stor
sine Tenarar gode;
«held stødt de fram, skal Live paa Jord
vel sjaa sin Aftanrode.»
Rundt han svinsar og hev eit Ord
- til deim alle.
- Kvar daa fær seg eit Svaavelband
til Stas paa Kjoleborden;
d'er det største ein vinne kann:
den høge Langrove-Orden.
Naadig nikkar den svarte Mann
- til deim alle.
- Men Ære den som Ære bør;
best skal den beste beite;
ein vert Riddar og ein Kommandør,
men Basen fær Storsvins heite.
Fanden helsar med lyfte Klør
- til deim alle ...
Ein Søkjar
Fram kryler ein kaapeklædd, gullkrynd Mann
med Reiv um sin bøygde Skalle;
Kaapa er sulka, som hadde han
i djupaste Dye falle.
«Aa Helvìt-Herre, aa høyr mi Bøn!
Eg er ein Konge i Pine;
og deg eg søkjer um Hjelp og Løn,
for no er eg ein av dine.
Mange lika den lette Leik
eit rolegt Land aa herja; -
eg gav meg Fanden og mannsleg sveik
det Folk eg skulde verja.
Men sidan rædde dei burt seg dreg
og lite signar Verke;
og Folke stirer stygt paa meg;
det ser Forraadar-Merke.
Aa tak det av meg, eg bed deg blidt,
du Overherre sanne,
so atter eg kann lyfte fritt
mi høge Herrepanne!»
Fanden skriv i Boki hans Namn
og flirer av Hjartegrunnen;
so tek han den merkte Drott i Famn
og kysser han glad paa Munnen.
«Meinsvorin Munn hev ein Svaavelsmak,
som alltid eg like kunde.
Og vel vere deg som bar mi Sak! -
Eg trivst der Folke er bundi.
No stend du skrìvin med Judas inn;
det er den øvste Æra.
Men Svidemerke paa Skallen din,
med det kann eg Inkje gjera.
Det maa deg fylgje i Liv, i Grav,
i Sogu og Skuggeheimar;
d'er slikt, det læt seg kje svide av
i alle Helvites Eimar.»
Høg Gjest
- Fram rid Beingrind paa blakke Hest;
svart er hans Kaape sid;
Sigden ved Sida han vel hev fest,
vil no raste ei Rid.
Nikkar til Fanden med Breidflir blid
- gjenom Natti.
«Høh, høh,» haast han kremtar,
«kvatan Kveld i Lage!
Her eg helst vil vera;
gjæve! gjev meg Sæte.»
- Fanden av Stol seg lyfter,
tek seg aat Panne-Reimi:
«Herre Bror min, velkomin til!
Sìt millom oss som heime.
Rettno byrjar me Dansen vill
- gjenom Natti.»
«Høh, høh,» hostar Dauden;
«all Tid eg deg elska.
Trøytt eg Træl maa fara
Verdi vid igjenom,
harm min Herre tene,
Róm aat Live rydja.
Aldri Løn eg aatte;
faafengt maa eg fikte;
alt eg av kann øyde,
verre veks det sidan.
Her min rette Herre
kjær eg atter kjenner;
her kann heil i Hugen
Daude- Dans eg treda.»
- «Meir enn gjerne,» kved Fanden i,
«unner eg deg ein Leik;
tidt og ofte paa Ferdi di
Livsens Magtir du sveik;
sende meg snøgg so mang ein god Steik
- gjenom Natti.
- Kvar Gong du høgg den unge Kvist,
kann eg min Bate finne;
saman med deg, det vonar eg visst,
skal me vel ein Gong vinne.
No skal me danse forutan Tvist
- gjenom Natti!»
Troll-Dans
Det klakkar i Berg og Bru
av Hov og av Heste-Sko;
det traavar um Stein og Stuv,
det trippar av Klauv og Klo;
og som naar Vindkast av Kamb
sét Skodda i Flog og Flaum,
so yrer Trollstimen fram
i veltande Straum ...
Det ringlar i rusta Laas,
det piper i To og Kluft,
det yler um Egg og Aas,
det blistrar i kalde Luft;
det kvin og skrik yvi Heid;
det er den Helvites Slaatt,
som jagar den ville Skreid
i Dans gjenom Nott ...
Og rundt i Vilske det gjeng
med Rop yvi Stokk og Stein;
det svingar med Svans; det sleng
med Hovar og Daudingbein;
og gnellande Trollkjeringmaal
syng Visa til denne Vals
med Skratt og kaatgalne Skraal
or remjande Hals:
Det var Troll til Troll
i sitt harde Hold,
det var Troll til Klo,
ho Kloveberg-Gro;
ho trolla ein Gut,
ho trolla 'n Knut,
ho trolla Guten galin.
Og Knut'en vart sta
og vilde ho ha,
og sulla i Sveim
og drog henne heim;
og Resten - hi-hi!
til Presten - hi-hi!
Det lo i heile Dalen.
Men daa vart det Dans
daa ho fyrst var hans;
ho banna og beit,
ho slo og ho sleit,
og leika paa Voll
med sitt Kloveberg-Troll,
so baade det lo og lét.
Og Borni hans Knut,
deim sette ho ut
og gjødde deim vel
og stakk deim ihel,
og sette deim fram
med Drykk og med Dram
for Knut'en, som aat og grét.
Men leid ho vart til sist
av all den Tvang og Tvist;
det var kje Ro
for Rove-Gro,
um baade ho gol og grein.
Ho stengde Knut'en sin
i svarte Kjellar inn
og sette Eld
paa Vegg og Tjeld,
so høgt det til Himils skein.
Haa, haa, kor det brenn!
Sjaa kor Logen stend!
Her reider me Seng,
du Kloveberg-Dreng!
Her luktar det heitt,
her luktar det feitt,
her steikjer me Flesk til Joli.
Kom Haugkall or Hi',
her hev du meg fri;
kom Djevlebukk kaat
og leika paa Tròt;
kom Rise or Slott,
her fær du det godt
og varmt som Smør i Soli - - -
- - -
- - -
Veslemøy fæler. So stygg ein Song
aldri høyrde ho nokon Gong.
Men Trollskapen lær og dansar.
Flyg og floksar med Staak og Styr
som galne Dyr.
Djevlar i Lufti tullar og flyr
med Smell og svingende Svansar.
Nordljos sloknande skjelv og skin.
Vinden tyter, og Slaatten kvin
gjenom dei myrke Kluftir.
Kvin og yler med Skrik og Spott
villt gjenom Nott;
Trolldansen tumlar seg graatt-i-graatt
yvi dei nakne Tuftir.
*
... Nye Tonar vaknar og skjelv.
Syng som Sus av den svævde Elv
i drøymetunge Næter.
Døyvt det klunkar som Tussespél
i tronge Gìl;
brusar fram som susande El
og sturt og stusleg græter.
- - -
- - -
- Fram dansar den Haugkall fager og blaa
med Gullring um Haare som fløymer;
han giljar for Veslemøy til og fraa,
og Tonar ikring honom strøymer.
- «Aa hildrande du!
med meg skal du bu;
- i Blaahaugen skal du din Sylvrokk snu.
- Der skal du hullast av Laat og Leik
og fager i Dansen skride
og gløyme alt som saara og sveik,
og aldri lengte og lide.
- Kvart Ynskje du daa
i Fagnad skal faa,
- og Møyane mine deg tene maa.
- Den eine reider ditt brune Haar,
den andre bind det i Knute;
den tridje Sylvkruna til deg naar;
den fjorde jamnar di Pute;
- den femte so linn
deg Solane bind;
- den sette veiftar ditt mjuke Kinn.
- Den sjuande spelar den Lange-Leik
som Vinden i Skogane susar;
den aattande snur deg den søte Steik,
med' Øle i Staupe brusar;
- dei andre i Krans
seg svingar i Dans
- og hullar og lullar din Hug og Sans.
- Den niande lint dei Lokkane kved
um Møyar og giljande Sveinar;
sjølv gjeng du Dronning i Dansen med,
i Glans av glimande Steinar.
- Og ingin som du
seg fagert kann snu,
- og ingin so lett traar den gyllte Bru.»
- «Og lite meg lokkar den Haugen blaa
med Glans i glimande Salar;
min vene Guten eg her vil sjaa;
so song det for meg i Dalar.
- Aa Guten min du!
paa deg vil eg tru;
- med deg vil eg byggje og alltid bu!»
- «Og vil du vìta den Guten blid,
so sjaa deg att yvi Herdi! -
Du ser han i Lofte med Gjenta si;
der gløymer han heile Verdi.
- So hev han det godt
kvar langande Nott,
- og Haugtussa hev han til Spe og Spott.»
- Som Steinen stend ho i Grye kaldt,
og Hjarta stivnar og isnar;
no ser ho det vel; no hugsar ho alt,
og Verdi for Veslemøy visnar.
- Ho vender seg graa.
«No kann du meg faa.
- No kann eg gjerne i Haugen gaa.»
- Høgt hoppar den Haugmann paa nakne Sva;
han maa vel sin Lagnad prise.
«Men no skal du gløyme og vera glad.
Fylg med, so skal eg deg vise
- min Herredom stor
i Berg og i Jord
- og Gumle den gamle med Visdomsord!»
Bergtroll
Laagt Loft. Vidt um Veggen.
Glim av Rim og blaa Jøkul.
Skùmt i Hall.
Sylv sprengt i Stein gløser,
krøkjer Krok og rang Rune.
Gufs stend som or Kjellar
kald.
Bord breidt rundt seg tøygjer.
Ragge-Troll, Nase-Gygrer
sìt i kring.
Murr, Knurr, Varge-Gøying,
Grin og Glefs, Gryl og Grymjing
gjeng rundt i den vide
Ring.
Klo klaar Skabb og Skorpe;
Blod renn; harde rullar
Brak av Laatt.
Drjugt drikk saggne Sellar;
blidgast smaatt. Troll og Gygr
riv, gnid Trant mot Tryne
godt.
Tungt kring Hallar-Golve
slaapar dauv Unge-Ætti
Hóp um Hóp.
Sein gjeng Svivedansen.
Baste-Streng Slaatten snurrar.
Traadt dei sviv med Geisp og dauve
Rop.
Døyvt djupt att-i Myrkre
Gygr grin, Trollkall ræer
elskhugs-braa.
Attaat læt Ul og Fræsing:
Klo mot Klo, Tann i Strupe
Uvén vil arge Uvén
flaa.
«Stygt, stygt laug du, Haugmann!»
Gislaug kved; «fæl meg synest
Hirden din!»
- «No i Miss tek du storleg,»
svarar snøgg blide Haugkall;
«dette er Træleflokken
min!»
«Slik Magt, - vil den Træle?»
- «Magtlaus er myrke Faavit
all si Tid.
Sjølv skal her du høyre.
Røynast skal Rise-Klokskap
djup og myrk, utan Meining
i!»
Stig han fram til den eldste:
«seg meg, kvi saar um Vaaren
Bonden Fræ?»
- «Hæ?» - Hin uppatt fregar.
Tankefull Risen stirer.
Grin, glor med Grise-Augo:
«Hæ?»
Stig han fram til den yngste:
«seg meg kvi Aai lengtar
ned aat Hav?»
Rise traud Trut rengjer,
lėdar leid lange Øyro;
«ytt som bytt, kvar ho renner
av.»
Fram han stig til ei Gygr:
«kvifor grin Barn, naar Augo
upp det fær?»
Gygri glor: «lat det grine.»
Skjeglar stygt etter Gislaug.
Snufsar, grin, skarpt med Tennar
skjer.
«So er Træle-Ætti.
Inkje eig Jutull Spursmaal,
inkje Svar.
Betre no i Djup stige,
høyre Kvad og Harms Kvæde,
olme Ord av gamle Gumle-
Far.»
Gnavlehòl
Langt inne, djupt i Skarefjell-Grunn
seg holar ein Hall av Kopar;
han kvelver irgrøn sin høge Rund
med Glim av glidande dropar.
Eit Blaa-Skimmer gløser som halvt i Blund.
Det tiklar og siklar og renn og dryp
der rundt i Kræane skùme;
det kvislar kvævt av Firfisle-Kryp;
det gjeng som Geisping i Rome.
Der Lyngormen søv med sin Spord i Glyp.
Her inne i løyndaste Myrke-Kraa
sit Gumle i Tidine lange.
Som turre Tre-Rot han er aa sjaa
med Lemine vridne og vrange.
Um Hausten gror Steinrot og Mose graa.
«Du Gumle gamle i Gnavlehòl!»
kved Haugkall med Mæle skrinne,
«du vakne og mumle ditt Gumle-Maal,
det maa ikkje gaa av Minne.
No Ungdomen kved berre Rask og Raal.»
Daa dreg det upp som Klokke til Slag
i Halsen skrukne og turre;
det gnidkar og gneg som Bor og Sag
og mèl som i Katt og Knurre.
Og Gumle-Maal losnar i lange Drag.
Gumlemaal
Maal kved Gumle
um Gamle-Æva.
Daa raadde Risar
Heims-Ringen.
Natti laag
nifs yvi Land.
Inkje Maane.
Inkje Stjernur.
Nordskin braga
um breide Brè.
Dal og Dokk
i Duld drøymde.
Godt var daa
i Leik gange,
Berg sprengje
og Eld sprute,
Storm reise
og Hav røre,
Is tumle
med Tore-Dunder.
Godt, godt
i Strid gamast,
Ragg rive
og Rygg brjote,
Skallom skurast
og Hornom hoggast,
med Klo klorast
og Øyro klaa.
Godt, godt
aa dauv døse.
Lat i Logn
Labb live.
Yrkjelaus
inkje anse.
Mett og maggin
sova i Mak.
Aldri Uro
av ljose Eimar.
Aldri Sol
i saart Auga.
Ingin Vokster
i vide Dalar;
ingin Os
av Aare-Eld.
Dag sov
Daude-Svevnen.
Rim kvitna
um Rise-Heimar.
Land laag i Logn,
Rike i Ro.
Tidi stod.
Alt tagde.
Au! Au!
Øydest Alder.
Aa! Au!
Utid veks ...
Alv vaks.
Æsir kom,
Sol vakna;
Dag vigdest.
Ned seig
Nivlheims-Natt.
Oll var
Rise-Æva.
Vinter leid;
Vaar vermdest.
Is flotna.
Foss fløymde.
Gror grodde;
Grønt grodde;
Skog tetna
i Taake-Lidir.
Mennar vaks.
Møyar vaks.
Eld eima
paa sota Aare.
Staal skar
skrinne Voll.
Fram seg grov
grønkande Grendir.
Sol seig,
Sol steig;
Dag raadde
Heims-Ringen.
Tid tøygde
lange Tankar,
meda Maal
og Raad og Rekning.
Ufred! Ufred!
Aand! Aand!
Merk, Ungdom,
Skilje-Ordi!
Alt av Aand
vil upp og fram.
Alt av Troll
vil trygt sitja.
Jutull gjæse
i Berg gøymdest;
kraup i Kraa
lite kry.
Duld under Stein
han Dag banna;
nytta Natti
til Nids Verk.
Vaar han døyvde
med Vintergufsar.
Løyste Fonn
og fælt Folk.
Grov ned Grendar
i Aur og Yre.
Velta Stein,
stuva Is.
Stogga, stengde
med Mur og Myrker.
Sky og Skodde
for Soli skaut.
Rot reiv.
Rørde Hav.
Vinter vekte,
Fimbul-Vinter.
Men Sol spratt.
Sprengde Skodd.
Braut Is,
brædde Snø.
Tinte, tekte
med Gras grøne.
Nytt leika Liv
um alt Land.
Ny skaut Skog
med sval Skugge.
Ein for ein
øyddest Ætti.
Sprakk for Sol.
Stokk i Stein
for kvervin Hamar
og kvite Krossen.
Ein og ein
etter sìt,
bundin i Berg,
bannar Dagen.
Andre, blautare,
Blod blanda,
skjemde Ætti
med Skams Gifte,
mengdest med Menn,
avla med Alv.
No er Haugtroll
i Riket Hovding.
Modlaus og mødd
minkar Lyden,
smyg smaatt,
og jamt smærre.
Lite er att
av Alders Ætti;
øydt er det gamle
Graasteins Grjot.
Høyr meg, Unge,
at Hat de lærer!
Gjæse Jøtun
maa Hjelp laane.
Lag Halde
med Lurvekryp,
Fark og Farre
or Fuskeheimar,
Gand-Mennar
og Galdre-Kònur,
verste Herk,
som verdi visste,
Svivesvansar
med Svartebøkar,
ikkje Troll,
ikkje Menn.
Hu! Hu!
Graate-Tidir!
Hu! Hu!
Gremje-Tidir!
Og av alle
øvst raader
Svarte-Vimsen
or Svaavel-Lande,
Halte-Fanden
med Hestehoven,
halvt Primar
og halvt Prest;
honom Herre
me no maa hylle;
han raar
Rise-Rike.
Upp alle
med Yngd i Blode,
upp, Vaa'ar,
for Jøtun-Velde!
Ingin Rise
i Ro røyte,
fyrr av høge
Loft-Himil
Soli raude
er ned rìvi
og alt roast
i Ragnaròk!
- - -
- - -
Det snufsar stundom i myrke Ro
med Higst og underleg Hæsing;
det tøygjer med Arm, det krafsar med Klo;
daa skrik det med Snerr og Fræsing:
«Uhu! her luktar Kristinmanns Blod!»
Ho raadlaus Armane slær i Kross
um Bringa som folnar og stivnar ...
Fram bryt eit Brak som av Sjø og Foss,
og Dagen ikring henne livnar.
- Aaleine ho sìt under Skare-Aas.